Untitled-1

Årets Masters

Vi beklager at det har teke noko tid, men til vårt forsvar så gikk vi litt i underskot på årets arrangement og det har difor teke litt ekstra tid å overbevise sponsorane våre om å dekke underskotet og stille med midlar til premiering av våre outstanding vinnarar.

Vi har ein total premiepott på 10000,- som vi har fordelt etter denne nøkkelen:

40% til vinnaren av FAI-2 gir 4000,-
20% til vinnaren av PP4/PP5 gir 2000,-
20% til vinnaren av PP3 gir 2000,-
20% til vinnaren av PP2 gir 2000,-

Vi gratulerer herved årets vinnarar Arild Arnesen, Geir Atle Tafjord, Espen Brudeseth Langlo og Roald Kaupang med strålande innsats og vel fortente sigrar, i tillegg til pengepremiane fylgjer det også med den evigvarande tittelen Master of the Strong lift 2018 for kvar si klasse. Premien kjem inn på kontonummeret som dykk oppgav ved registrering til arrangementet, om det har blitt endra eller dykk vil ha dei inn på eit anna kontonummer så send info om dette til post@teamxc.no før onsdag i komande veke.

Arild vann FAI-2 konkurransen samanlagt med 2 poeng framfor Geir Atle Tafjord og Vegard Johnsen som delte 2 plassen. Vår egen Leif Gunnar Brandal kom på 4 plass berre eitt poeng bak dei to.

Geir Atle vann PP4/5 konkurransen med den lengste logga 5-punkts distansen denne helga med 42,8km framfor Leif Gunnar med 42,4 og Vegard Johnsen med 41,3 km.

Espen Brudeseth Langlo var i ei klasse for seg sjølv i PP3 klassa kor han logga den lengste turen i tid med 1t 48minutt. Og Roald Kaupang rula hardt i konkurransen om antal turar gjennom helga for PP2 med 7 turar.

Share this post