Alltid spanande med vèret på Sunnmøre

Desse bileta er tekne på Strandafjellet akkurat no i dag, veret i dag er av den ustabile sorten med snøbyger som går i ytre strøk. Litt lenger inne på Stranda så går der også byger men ikkje så hyppig som kystnært. Varselet for helga er no i ferd med å stramme seg til og dei neste 48 timane vert kritiske med tanke på spesielt vindstyrken og også om der vert nedbør.

Trur vi allerede no veit nok til å kunne spå at stabilitet ihvertfall ikkje vert ei utfordring til helga 🙂 men følg med her framover og kryss fingrane i lag med oss i dagane som kjem.

DEL DETTE INNLEGGET

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on print
Share on email